Leiar i hovudkomiteen for Landsfestivalen, Randi Rust, var over seg av begeistring da vi prata med ho på festivalområdet seint onsdag kveld.

– Dette er heilt vilt. Det er så utruleg artig at så mange er med allereie frå fyrste dag. Dette er berre morosamt, sa den sprudlande leiaren.

Ho hadde full kontroll onsdag, mykje takka vere god hjelp frå dei mange friviljuge som stiller opp på dugnadsfestivalen i Bismo.

Om lag 700 personar hadde kjøpt billett til opningskvelden som bestod av konsert og mat. I tillegg kjem alle spelmenn som deltok.

Det var ein svært variert og utruleg bra opningskonsert i Skjåkhallen onsdag kveld. Konserten baud på ein rekkje smakebitar av musikken frå bygda. Både solistar og grupper, unge og eldre, deltok på konserten som bestod av bortimot 20 innslag. Stortingsrepresentant Ivar Odnes fekk æra av å stå for den offisielle opninga av den 32. Landsfestivalen i gammaldansmusikk. På scena på opningskonserten stod mellom andre Dalakara, Mari Eide Lindsheim, Ramstadstråndingein, Nordberg Tvauraderlag og æresmedlem Kjell Plassen.

Etter konserten var det mat av alle slag i matteltet. Her var det stelt til ein bugnande Skjåk-buffet med både tradisjonsmat og anna. Her var det ingen grunn til å gå svolten heim. Etter maten var det dans til ulike grupper. Over 60 grupper har meld seg på til dansespeling under årets festival, og det blir musikk frå heile tre scener om kveldane.

Det er Skjåk spel- og dansarlag som er årets lokale arrangør og som har ansvaret for å gjennomføre landsfestivalen, i samarbeid med organisasjonen FolkOrg.

I dag, torsdag, er det tevlingar for både juniorar og seniorar i klassene fele/ hardingfele, andre instrument, og durspel, samt lagspel durspel/trekkspel. Det blir tevlingar også fredag og laurdag.

Det er ein del år sidan det har vore så mange påmelde til Landsfestivalen i gammaldansmusikk som det er i år. Godt over 700 unike musikarar og dansarar er påmeldt tevlingane, fordelt på bortimot 200 startnummer.

På dagtid torsdag, fredag og laurdag er det gratis for alle å koma inn på festivalområdet i Bismo, utanom tevlingsarenaen.