«Norway Cup»:

Lomsjentene imponerer stort

Lom sitt J15-lag imponerer i Norway Cup. Tre sigrar og ni poeng var fasiten da jentene tysdag kveld gjekk av banen, etter å ha spelt sin tredje og siste innleiande kamp.

Lomsjenter i aksjon: J15-laget til Lom har imponert stort så langt under fotballturneringa i Oslo.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

AV SVEIN HALVOR MOE

Træff og KFUM/Oslo var ingen målestokk for dei sigersvante lomsjentene i dei to fyrste kampane. Det vart høvesvis 6-0 og 3-0 da dei møtte dei for fyrste gong.