AV SVEIN HALVOR MOE

Dette nyter både spelarane i klubben, og i mange tilfelle dei jamaldrande jentene og gutane i Skjåk godt av. Lom og Skjåk samarbeider nemleg godt i dei aldersbestemde klassene. Det er ei fin blanding av Lom- og Skjåk-ungdomar som er i aksjon på dei seks laga i verdas største fotballturnering.

Fjuken var på plass da det eine G14-laget spelte sin tredje og siste kamp i gruppespelet. I denne årsklassa har Lom eit elvarlag og to sjuarlag. Det er stort aldersspenn på gutane.

– Det blir gjerne det når vi melder på lag i denne klassa, og det må gjerast i februar. Vi kunne nok ha meld på eitt lag i 13-årsklassa om vi skulle ha meld oss på nå. Men det er vanskeleg å vite i februar kven som er tilgjengeleg og blir med. Norway Cup opererer nemleg med lange påmeldingsfristar, sa trenarane etter at elvarlaget hadde spelt.

Det er Olav Gudbrand Øien, Marius Andreassen og Amund Teigen som har det sportslege ansvaret for denne treningsgruppa, som er forholdsvis stor. Det har vore både opp- og nedturar for elvarlaget i 13- og 14-årsklassa i hovudstaden.

Det var i aller høgste grad ein opptur da Røa som har mange lag på dette alderstrinnet, vart slege 2-1 i opningskampen. Marius Øyen og Jonas Nestvold skåra måla i dette oppgjeret. Det vart knipent tap for Ulvik i den tredje og siste innleiande kampen. 2-3 sto det i målprotokollen da oppgjeret mellom Lom og Ulvik vart blåst av. Loms-spelarane ville med siger i dette oppgjeret ha vore klare for A-sluttspel.

Éin siger og to tap vart dermed fasiten for dei unge tenåringane i dei innleiande kampane. Det inneber at det blir B-sluttspel på laget i kvitt og blått. Gutane har lyst til å nå langt i B-sluttspelet der det er mange gode lag.

– Det er kjekt å få delta i ei så stor turnering som dette. Vi har hatt mest fokus på det sportslege, men det har også vorte tid til å gjere andre ting. Det flotte med Norway Cup er at vi får møte nye lag og at det er så mykje som skjer heile tida, sa gutane etter at dei hadde gjort seg ferdig med gruppespelet.

Pål Skjåkødegård. Foto: Svein Halvor Moe