Det seier Randi Rust som er leiar i hovudkomiteen for Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Festivalen brakar laus i Bismo i dag, onsdag, og varar fram til sundag. Tevlingar, dansespel, lanseringskonsertar og mykje anna står på programmet dei neste dagane.

Allereie tysdag kveld var mellom 40 og 50 einingar på plass på festivalcampingen på Mogardsjordet. Overnattingsansvarleg og campingsjef Kristen Haugen Dagsgard kunne ved høgst dag onsdag fortelje at alle plassane med straum er tinga på.

– Så godt som alle dei rundt 280 plassane vi har merka opp på campingen er bestilt, seier Haugen Dagsgard.

Eit ekstra område på Mogard blir teke i bruk slik at dei som greier seg utan straum skal få moglegheit til å vera på festivalcampingen.

Det er mange år sidan det har vore så mange påmelde til Landsfestivalen i gammaldansmusikk som det er i år. Leiar Randi Rust fortel at over 700 unike musikarar og dansarar er påmeldt, fordelt på bortimot 200 startnummer. Tevlingane i dei ulike klassene går føre seg torsdag, fredag og laurdag.

Onsdag kveld blir årets landsfestival opna med ein såkalla «Skjåk-kveld». Da blir det stor opningskonsert i Skjåkhallen, der mellom andre stortingsrepresentant Ivar Odnes deltek. Etter ein variert konsert med smakebitar av musikken frå Skjåk, med både solistar og grupper, blir det kveldsmat i matteltet. Her blir det Skjåk-matbord – ein buffet med tradisjonsmat og anna. Etter maten blir det dans til fleire grupper.

Billettar til «Skjåk-kvelden» kan kjøpast på stemnekontoret på ungdomsskulen.

Fjuken kjem attende med meir frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk dei komande dagane.