Dette skreiv Åmund Elvesæter i boka «Mi tid i fjellheimen».

Elvesæter realiserte den ville ideen. Noko han ikkje ville fått gjort i dag.

Ein av dei som så vidt vanst å vera med på vegbygginga og ikkje minst var med på å frakte turistar opp den spektakulære og til tider skumle vegen, er 86 år gamle Ragnar Kleiven frå Leirdalen.

– Eg var med på inste del av vegen, fortel Kleiven som arbeidde for og på Elvesæter i 60 år. Som sjåfør, vaktmeister og altmoglegmann.

– Det var «Tande’n» (Ola Lunna) som gjorde det meste av vegarbeidet. Han og Skjelle’n (Jo Skjelden) bygde forresten vegen til Leirvassbu òg, fortel Ragnar.

– Eg tok førarkortet i 1954, men hadde nok køyrt ein del før det, humrar Kleiven. I fyrste omgang køyrde vi turistane innåt breen slik at dei kunne gå vidare frå der. Vegen var akkurat brei nok til jeepen vi brukte, og det var noko til gauling på tur oppover, det var rett på gjelet veit du. På nedturen var det stilt, for da sat alle med eit klede for augene. Dei tordest ikkje sjå veit du. Det var nå rart det gjekk bra au, men det gjorde det.

Åmund Elvesæter gav seg ikkje med å få turistane innåt breen, han ville realisere ideen om å køyre dei over breen, og etter kvart kom det beltetraktor, weasel og muskegg.

Elvesæter skriv at det var risikabelt over alle sprekkane og på glatt is, men at turane som vart gjort var artige.

«(...) eg skjøna fort at nokor forretning kunne ikkje dette bli, da eg sjølv måtte vera med på kvar einaste tur», skriv han i boka.

– Nåja, eg gjorde nå fleire turar einsleg eg da, seier Ragnar. Som den gongen han hadde med seg ein danske som ville sjå soloppgangen oppå breen.

– Han var nok litt hyfsen for han drakk opp tre vinflasker på turen, og eg fekk ikkje ein einaste dram, skrattar Ragnar.

Breen var bratt, full av sprekkar og roten snø. Men opp skulle Elvesæter få turistane.

– Ein gong bygde Åmund ein stige av noko bakhon han hadde drege oppå breen. Turistane måtte hoppe av på det brattaste og gå, men eg skulle køyre beltedooningen opp den stigen. Det gjekk på eit vis, og eg er nok den einaste som har køyrt Storjuvbreen på ein stige.

At køyreturen oppover Brånån, som lia opp mot fjellet og breen blir kalla, var skummel var det ingen som tenkte på.

– Nei, visst var det skummelt, vi kunne skli sidelengs etter vegen i regnvêr og det kunne koma steinar ned i vegen. Jeepane hadde låke bremsar og vi måtte til og med halde ei hand på girspaken - for han ville berre hoppe ut av 1. gir - vi tenkte ikkje på det.

Jeepane, som berre tok fire passasjerar, vart «modifiserte» etter kvart.

– Vi kutta dei tvert av og skøytte i hop att og det vart bygt karosseri slik at ein fekk med seg 10-12 passasjerar, fortel Kleiven.

Korkje komfort eller køyreeigenskapar vart særleg betre og køyringa heilt innunder Piggen tok slutt. Like greit kanskje?