Førre veke var det tre separate hendingar i Skjåk.

Natt til onsdag gjekk innbrotsalarmen på Øyberget Kraftstasjon ved Dønfoss.

– Politiet rykka ut, og det vart stadfesta at låsen til porten var øydelagd. Vi mistenkjer at det har vore eit innbrotsforsøk her, seier politibetjent Øyvind Aaboen.

Same natt, altså natt til onsdag, vart det utført eit tjuveri frå ei gravemaskin som stod parkert i Aursjovegen.

– Gravemaskina tilhøyrde ein entreprenør, seier Aaboen.

I perioden mellom tysdag og fredag i førre veke har det, i fylgje politibetjenten, dessutan vorte stole ein båtmotor på Aursjoen.

Politiet er interessert i tips i alle tre hendingane i Skjåk.

– Det som gjer dette litt spesielt er at alle desse separate hendingane har vore utført i omtrent det same området og i ei avgrensa tidsperiode. På bakgrunn av dette ser vi difor ikkje bort frå at det kan vera prat om at det er dei same personane som har utført alle hendingane, seier Øyvind Aaboen.

Politibetjenten ber deg om å ringe lensmannskontoret i Lom på telefon 610 53 250 om du har tips i ei eller fleire av desse sakene.