AV SVEIN HALVOR MOE

– Vi var fullt på høgde med Kvernbit som vi møtte i opningskampen. Det kunne ha vorte både uavgjort og til og med siger i det oppgjeret som vi tapte 1-2. Men på måndag var vi sjanselause. Klemetsrud var rett og slett for gode for oss, sa Vågå-spelarane i ein kommentar til at Oslo-klubben vart eit par nummer for store for 2003-årgangen.

Asgeir Ymbjørgøien og lagkameratane hans hengde likevel ikkje med hovudet. Asgeir er så langt den einaste Vågå-spelaren som har funne vegen til nettmaskene i Norway Cup. Han håpar det blir fleire dei neste dagane.

– Norway Cup-deltakinga er sesongens høgdepunkt. Gutane har i lang tid sett fram til Oslo-opphaldet. Fyrst og fremst fordi dei i denne turneringa får møte nye lag, og det er mykje å vera med på. For oss er det sosiale like viktig som det sportslege. Sjølv om vi har fullt fokus på å gjera det best mogleg når kampane blir blåse i gang. I den heimlege serien har vi lidd litt under at vi jamt over møter gutar som er eitt år eldre. Det har samanheng med at vi speler i ein G 16-serie, ettersom at det ikkje er nokon eigen serie for 15-åringar, sier Kjetil Løkken.

Han er trenar for Vågå-gutane som er fødd i 2003 og 2004. Dei som tilhøyrer den yngre årgangen har i vårsesongen fått kjenne på kroppen at det kan vera tøft å møte klubber som er reine 16-årslag. Men på bygdene er det slik at ein må hente spelarar frå ulike årgangar for å ha moglegheit til å stille lag. Slik er det også i Vågå, der det er stor skilnad på årskulla. Det lokale idrettslaget har opp gjennom åra vore flinke til å leggje til rette for at dei som speler aldersbestemt fotball skal få høve til å oppleve Norway Cup-turneringa.

Vågå-troppen tilbringar mykje av tida på Ekeberg, der det er kampar frå tidleg morgon til seint på kvelden. Tysdag skal Vågå spele Norway Cup-kamp mot eit lag frå Egypt. Uansett utfall av kampen, får vagværane også spele kamp på onsdag. Alle som blir nummer tre og fire får delta i B-sluttspelet.

Asgeir Ymbjørgøyen hadde full kontroll. Foto: Svein Halvor Moe