I alt 17 spelarar var på plass i Lom fredag og laurdag, for å kjempe om flotte premiar og mykje heider og ære, da vertskapet Lom Dartklubb arrangerte si årlege sommarturnering.

Bra oppmøte blant klubben sine eigne medlemar, saman med dei som kom utanfrå, gjorde turneringa til ein suksess.

Under sommarturneringa deltok fleire toppspelarar. Spelarane som var med på turneringa kom frå Dovre, Grua, Dokka, Sogn, Aust-Agder, Lom og Skjåk.

Lom Dartklubb er svært nøgd med helga, som baud på mykje godt dartspel og ikkje minst mykje sosialt.

Det var mykje godt spel under turneringa. Foto: Privat