Gjeilo Camping har vore drive av same familie sidan campingen såg dagens ljos på 1950-talet.

– Det heile starta med at folk kom og spurde om å få slå opp telt nede ved elva. Så berre balla det på seg, smiler Frans Gjeilo.

Han er oppvaksen på campingplassen ved Ottaelva, sju kilometer frå Bergom i Lom og ti kilometer frå Bismo i Skjåk. Det var foreldra til Frans som starta opp Gjeilo Camping.

– Den fyrste hytta kom på plass fyrst på 1960-talet. Campingplassen er bygt steg for steg, og familien har aldri gapa for stort, seier Frans.

Han tok over drifta av campingplassen etter foreldra i 1975. Saman med kona Svanhild dreiv han Gjeilo Camping fram til sonen Sverre og kona Tanja tok over drifta. Dei er nå inne i sin fjerde sesong som vertskap på plassen.

– Men dei er ikkje kvitt meg og Svanhild, seier Frans, og glyttar bortpå kona.

Kvar dag er dei tidlegare drivarane på campingen og hjelper til med smått og stort.

– Det er utruleg mange stamgjestar på campingen som kjem att år etter år, så eg og Frans må sjølvsagt sjå særleg til med dei, smiler Svanhild lurt.

Gjeilo Camping har i dag ti campinghytter med enkel standard for utleige. I tillegg leiger dei ut «Gamlestugu» oppe på garden, som ligg eit par hundre meter ovanfor campingplassen. Dette er eit lite hus frå slutten av 1800-talet, som vart restaurert på 1990-talet.

– Det er ikkje dei som søkjer luksus som kjem hit, understrekar familien Gjeilo, som får mykje skryt av gjestane fordi det er så roleg og godt å vera på Gjeilo Camping.

Det er ikkje lenger enn tre år sidan campingen fekk kortterminal, og heller ikkje så mange år sidan det vart internett-tilgang for gjestane.

– I dag er internett det aller fyrste gjestane spør etter når dei kjem til ein campingplass, så også vi må sjølvsagt kunne tilby gjestane våre det, seier Sverre Gjeilo.

Blant dei besøkande gjennom ein sommarsesong finn ein mange slags nasjonalitetar.

– Vi har alle slags nasjonalitetar innom her, men tyngda nå er nok tyskarar og hollendarar, fortel familien Gjeilo, som i tillegg ventar gjestar frå mellom anna Canada, Sør-Korea og Russland. Dei fyrste åra var flesteparten av dei besøkande svenskar.

– Dei som legg seg inn her skal gjerne på fjelltur, og ligg og ventar på finvêr, seier Sverre Gjeilo.

Den om lag ti mål store campingplassen i Skjåk har ei fin sandstrand nede ved elva, og drivarane fortel at elva blir nytta både til bading og fisking.

– I tillegg til campinggjestane har vi mange lokale familiar og andre som nyttar seg av den flotte stranda vår, og det tykkjer vi sjølvsagt er triveleg, seier Sverre Gjeilo.

Han håpar bygdefolket held fram med å bruke plassen.

Gjeilo Camping har også kanoutleige, som er svært populært blant dei besøkande.

Sesongen på Gjeilo Camping startar rundt 10. juni, og varar fram til 1. september. Sjølv om det i hovudsak er familien Gjeilo som jobbar på campingplassen, er dei avhengige av sommarhjelp. Kvar sommar har dei med seg tre sesongtilsette gjennom sommarjobbprosjektet i kommunen.

Gjeilo Camping hadde ei auke i talet på besøkande i fjor, og Sverre Gjeilo fortel at det ligg an til å bli ein god campingsesong også dette året.