«Sjuogtredvemil nordover, litt øst og oppover, ligger Flåklypa, ei lita fjellbygd ...»

Vi kjenner vel alle til Kjell Aukrusts univers, og kanskje også at Flåklypa er ein geografisk stad og at det ligg i Lom?

Vi skal tilrå ein tur der du må køyre forbi Flåklypa. Vi skal oppover den «riktige» Bøverdalen, forbi frodige setergrender og innover og oppover til Høydalen og Høydalssetra.

Frå Lom køyrer du 22 kilometer sørvest mot Sogndal. Ved Leirmo tek du fylkesveg 471, Bøverdalsvegen.

Oppover Bøverdalen køyrer du forbi garden Kvandalsvoll før du kjem til setergrendene Neto og Prestsætre, der gardar frå både Skjåk og Lom har setrar.

Snart stig vegen opp mopt Vassenden, Høyvatnet og Høydalen - ta turen inn langs «vesle Gjende».

Attende ved Vassenden kan du køyre Burmavegen over til fylkesveg 55, og nedover att til Lom.

Ta deg god tid på gode grusvegar og hugs bompengar. Finn ei fin avkøyring og ta ein rast. God tur!