Det er vel heller tvilsomt om Angus Young, Brian Johnson og resten av gjengen i australske AC/DC nokon gong har høyrt om Strikvilte. Gutta i Black Ice spelte Whole Lotta Rosie, It´s a long way to the top if you wanna  Rock´n Roll, Thunderstruck og alle dei andre rockeklassikarane frå supergruppa så bekken som er næraste granne til Maritun nærast stoppa å renne nedover laurdagskvelden.

Magnus Lilleengen frå Skjåk er medlem i AC/DC-tributegruppa og laga like godt ein rockekonsert heime i hagen hjå mor. Kalasset starta ved seks-tida med grupper frå Skjåk kulturskule som oppvarmarar medan Magnus og gjengen frå Gausdal kom på scena ved 9-tida. Det var høg stemning frå fyrste låt og godt frammøte. At det er sommar og fellesferie gjorde nok sitt til at mange utfløtte skjåkværar også nytta høvet til å få med seg rockekonserten i Maritun. Magnus, mora Mari Brenna, syskjen, venner og slekt skal ha all ære for eit sprekt initiativ. At musikken fall i smak var tydeleg å sjå hjå publikum. Black Ice skal også spele under Traktorrock på Vågå i august. Let there be rock...