Trappa opp i klokketårnet i stulen ved Vågåkyrkja, er lang og bratt.

Sist Aage Skjellum gjekk opp trappa, var han ni år gamal.

Det er ikkje mykje som har forandra seg i stupulen på desse 65 åra. Bortsett frå at kyrkjeklokkene har vorte mekanisert. I dag er det ingen som går opp trappa lengre for å ringje med klokkene. Ringje til messe, til sorg og glede.

Det er Erik Lillebråten, leiar av soknerådet, som låser opp stupulen og opnar lukene i klokketårnet for å sleppe inn ljos.

Aage Skjellum leitar ikkje lenge før han finn signaturen sin på bjelken.

«Aage Skjellum påskeeftan 1953», er det skrive med blyant.

– Eg hadde vel ein liten blyant i lomma, seier han.

Aage er ein av fleire som har skrive namnet sitt på bjelken. Her er det namn på fleire vagværar som har hatt ein blyant på lomma.

Aage Skjellum fortel at han denne dagen var med bestefaren Kristian Johansen for å ringe med kyrkjeklokkene.

Det var Gustav Berge som var kyrkjetenar den gongen. Han ringde med den største klokka.

Bestefar Kristian ringde med den mellomste klokka, medan broren Kåre Skjellum ringde med den minste. Han var ofte med og ringde med kyrkjeklokkene.

– Eg hugsar eg fekk halde i medhammaren saman med bestefar, fortel Aage Skjellum.

Han går bort til klokka der han og bestefaren stod, tek tak i medhammaren på klokka. Blir ståande stille. 65 år er gått sidan sist han stod der.

– Det var eit alvorleg leven når ein ringde med klokkene. Det var ingen som hadde hørselvern den gongen. Bestefar vart døv, men det er ikkje sikkert at det var ringinga med kyrkjeklokkene som var grunnen til det, seier Skjellum.

Han fortel at bestefaren eigentleg var urmakar. Han reiste rundt på gardane i Ottadalen og reparerte stueklokker.

Aage Skjellum flytta frå heimbygda som 17-åring. Han bur i Oslo og har arbeidd i forsvaret i 40 år. Han har ei stue på heimplassen i Røysom i Mo’om. Der er han er kvar sommar på ferie.

Ni år gamal var Aage Skjellum med bestefaren og ringde med den mellomste kyrkjeklokka. Foto: Arve Danielsen