Stigen er ikkje lang, så ein treng ikkje vera sprek for å gå han. Stigen går langs den mektige og brusande elva Tora. Samstundes som ein vandrar i flott natur, får ein presentert ni dikt eller sitat av Bruheim på nynorsk, engelsk, tysk og fransk.

Stigen ligg ved Billingen setergrend, som kan vera ein inngangsport til nasjonalparkane Breheimen og Reinheimen og Honnsrøve naturreservat.

Jan-Magnus Bruheim vart fødd i Skjåk 15. februar 1914. Han budde i Skjåk det meste av livet sitt.

Han gav ut fleire diktsamlingar, og er også kjend for ei rekkje barnebøker med dikt, rim og forteljingar på vers.

Bruheim var òg folkeskulelærar ein periode. Han var samfunnsengasjert, i ungdomen med sterke antisosialistiske og antinazistiske haldningar, etter krigen mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa.

Han arbeidde heime på garden og som lærar før han vart forfattar på heiltid. 27 år gamal debuterte han med diktsamlinga «Stengd dør», som handla om kjærleikslengt og einsemd.

I seinare bøker vart diktinga meir prega av eit sterkt samfunnsengasjement og kampen mellom godt og vondt. Han var naturvernar, han var aktiv i fredsarbeid og arbeid mot atomvåpen.

Bruheim gav ut nærare 40 bøker gjennom om lag like mange år, mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker.

Han fekk ei rekkje prisar og premiar for barnebøkene sine.

Frå 1978 til 1985 budde Jan-Magnus Bruheim i det nedlagde skulehuset i Botnane i Bremanger kommune. Han hadde lenge ynskt å bu på kysten, for å oppleva ein annan natur og eit anna folkeferd enn han var van med. Diktinga hans fekk ny næring, nye motiv og synsvinklar og 11 av dei 45 bøkene hans er skrivne der.

Bruheim hadde i mange år hytte på Billingen i Skjåk. Her kunne han la seg inspirere av naturen og finne fred og ro til å skrive.

Kjelde: Heimesida til «Vennelaget Jan-Magnus Bruheim»