I september i fjor tok Øystein Gården over anlegget etter Norsk Turistservice i Vågåmo. Nå er han i ferd med å byggje opp att eksisterande anlegg og utvikle dette til å bli eit feriesenter med hytter, camping og aktivitetar.

– Det er mykje historie i plassen, seier Øystein Gården og fortel at det var nederlandske Kassina og Han Wijnen som i 1965 starta eit samarbeid med vertskapet på Villa hotell, der dei tok med turistar frå heimlandet til Gudbrandsdalen.

I 1972 kjøpte Wijnen garden Haug og bygde opp dette til eit turistsenter.

Dei siste åra har det ikkje vore drift på staden, før Øystein Gården kjøpte turistsenteret. Han eig også Haugamoen, næraste nabo senteret. Dei to eigedomane; Haug og Haugamoen er på totalt 45 mål.

På eigedomen Haug står det seks hytter, eit hovudhus og fleire eldre hus frå garden. Totalt er det 48 sengeplassar.

Hyttene trong oppgradering og Øystein Gården har i vinter lagt ned mykje pengar og stor eigeninnsats med å pusse opp hyttene frå «retro» til ein god standard med bad, kjøken og seks sengeplassar i kvar hytte. Hyttene har også fått nytt tak og eit strøk med beis.

Noko av det fyrste Øystein Gården tok tak i, var å rydde vegetasjon og opne opp mot Vågåvatnet.

– Eg ynskjer at gjestane skal få oppleve vatnet som den perla det er, seier Gården.

Nedst på eigedommen har han fylt opp med masse og har planar om å lage 104 oppstillingsplassar for campingvogner og bubilar.

– Eg kan ikkje tenkje meg noko flottare enn å ta morgonkaffien med utsikt ut over vatnet, seier Øystein Gården.

Han vil også byggje opp att tennisbana og minigolfen, som var på anlegget før.

Øystein Gården er innstilt på å investere fleire millionar kroner for å få feriesenteret slik han vil. Han vil byggje over tid, ikkje forhaste seg.

Neste sommar blir det festivalcamping under Landskappleiken.

Fyrst på 1900-talet vart det prøvd med båttrafikk på Vågåvatnet.

Øystein Gården er ikkje framand for å prøve noko liknande.

– Eg har ein båt på handa, seier han med eit lurt glimt i auga.