På kvelden fredag 27. juli og natt til 28. juli (norsk tid) vil det skje ei svært langvarig måneformørking.

Den totale formørkinga vil vare i heile 1 time og 43 minutt.

Neste gong vi i Noreg kan oppleve ei så langvarig formørking av månen blir fyrst om 105 år.

Science fiction-forfattar og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard skriv at formørkinga av månen fredag vil bli eit spesielt imponerande skode både på grunn av lengda og fordi Månen står lågt over horisonten, og kan difor opplevast som større enn den verkeleg er.

Månen blir som oftast vakker raud under total formørking , og sett mot nattehimmelens sommarglød blir dette truleg litt av eit skode.

Astronomiparet skriv at det absolutte høgdepunktet skjer når den raude planeten Mars mot slutten av formørkinga dukkar opp like under den mørklagde måneskiva. Denne natta er Mars nærare oss enn den har vore på 15 år, og ljosstyrken er difor spesielt stor.

Månen står opp i søraust etter at formørkinga har byrja. I store deler av landet vil mesteparten av den totale formørkinga vere synleg.

I Oslo kjem Månen opp klokka 21.49, Lillehammer 21.59. Bergen  22.14, Ålesund  22.28, Trondheim 22.19, Bodø kl. 22.51, Tromsø kl. 23.24, Alta 23.17 og Kirkenes 22.43. I Oslo-området kjem Mars til syne under den mørke Månen rundt klokka 23.00.

Sidan Månen står lågt i søraustleg retning under formørkinga, er det viktig å ha fri sikt for å kunne oppleve fenomenet. For oss som bur i Ottadalen, kan ein liten fjelltopp vere eit flott punkt å sjå på måneformørkinga frå.

Ein kan sjå måneformørkinga utan hjelpemidlar, men ved hjelp av kikkert kan ein følgje fenomenet i enda større detalj.

Du kan lese meir om måneformørkinga her.