Black Ice – eit coverband som spelar AC-DC-musikk - skal halde utandørs konsert i Maritun i Lundagrende laurdag 28. juli. Black Ice kom tidlegare i år langt i Norske Talenter på TV2. Nå er det Lundagrende og Skjåk sin tur til å få oppleva bandet. Magnus Lilleengen frå Skjåk spelar gitar, dei andre bandmedlemane er frå Gausdal, Lillehammer og Øyer.

– Alle er hjarteleg velkomne! inviterer arrangør Mari Brenna.