Det svarar Tor Gaute Jøingsli frå Skjåk når Fjuken spør kva ambisjonar han har i årets landsskyttarstemne. I fjor kom han på Kongelaget.

– Det handlar om små marginar – og det handlar om dagsform. Eg er meir oppteken av å gjera ein god prestasjon enn å få ei god plassering, for å seia det slik. Om eg kjem på Kongelaget i år eller ikkje, er det på ein måte ikkje råd å ha kontroll på. Det er sjølve prestasjonen eg kan gjera noko med. Ein gong kan eit resultat eller ein prestasjon føre deg inn på Kongelaget, ein anna gong kan same prestasjon gjera at du hamnar langt nedpå resultatlista.

– Har du trena godt så langt i år?

– Eg har vore borte på arbeid store delar av sommaren, så det har ikkje vorte så mykje trening. Derimot har eg vore med på ein del konkurransar. Det har gått rimeleg greitt, tykkjer eg, svarar Jøingsli.

Årets landsskyttarstemne skal gå føre seg på Stjørdal i Trøndelag frå 3. til og med 10. august. Landsskyttarstemnet er ein årleg skytekonkurranse og eitt av Noregs største idrettsarrangement. Stemnet blir avvikla kvart år som eit ope noregsmeisterskap innan ulike øvingar. Kvinner og menn i alle aldrar konkurrerer.