Ljåslåt og botanisk vandring i Nordherad

Til helga blir det ei rekkje aktivitetar som kretsar rundt tradisjonell ljåslått og plantemangfald i Nordherad.

Nordherad: Sundag kan ein bli med på botanisk vandring i Nordherad.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det startar fredag med kurs i ljåslått for dei som er påmelde til dette, og laurdag kveld blir det slåttegraut og fest på grendehuset Midtli for både kursdeltakarane og andre.

Sundag blir det slåttedugnad i Ullinsvin, med ljåslått og hesjing nedanfor hagen i prestegarden.

Helga blir avslutta med botanisk vandring sundag ettermiddag i beitemarka på Mo i Nordherad, under leiing av professor Rune Halvorsen.

Han har i flere år hatt eit forsøksfelt her og følgd med på korleis plantelivet utviklar seg der det blir rydda og beita. Her er det bere å møte opp for dei som er interessert!

Arrangører er Vågå husflidslag, Nordheradsprosjektet og Vågå historielag.