Køyrde på MC - merka det ikkje - mista lappen

Ein førar av bil med campingvogn vart stoppa ved Dønfoss torsdag efta.
Nyheiter

Bilen med campingvogna var på veg vestover da det på eit eller anna viset vart eit samanstøyt med motorsyklisten. MC-føraren vart heldigvis ikkje skada, men er sjekka av helsepersonell.

Mc-føraren hadde fått kutt i handa, og vart sydd på legevakta på Otta.

Sjåføren av bilen køyrde vidare, og gav uttrykk ovanfor politiet at han hadde merka eit lite rykk, men at han ikkje sjekka kva det var.

Hendinga vil kunne få eit etterspel for bilføraren, blir det meldt frå operasjonssentralen hjå politiet i Innlandet.

Sjåføren fekk førarkortet belaglagt og det blir oppretta sak.