Juving - eit eventyr i vakker natur

Øystein Brandsar (24) har starta selskapet Juventyr, der han tilbyr guida juving.

Juving i Aura: – Eg tykkjer det er viktig å syne fram den flotte naturen vi har å by på i Skjåk. Det er ikkje mange plassar som kan lokke med eit slikt flott og spennande juv som Aura. Her er ein i eitt med naturelementa, seier Øystein Brandsar. Han har starta enkeltmannsføretaket Juventyr og guidar folk i tronge juv og leik i vassmassane.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Aura i Skjåk har lokka mange opp i elva denne sommaren. I dei mange badekulpane har små og store kunne avkjøle seg i sommarvarmen.

Øystein Brandsar har sett på Aura med tronge juv og jettegryter som eit område han vil satse på.