– Sjølv om vi i både Lom og Skjåk er noko heldigare stilt en andre plassar da vi har utstyr og anlegg for vatning, så merkar vi og her at den langvarig turken vil setja sine spor. Små elvar og bekkar turkar ut og døgnet har rett å slett ikkje nok timar til at ein klarar å vatne over alt. Samstundes  blir både innmark- og utmarksbeite skadelidande av den tørre sumaren, skriv ordførar Bjarne Eiolf Holø i ei pressemelding.

Tysdag 31. juli inviterer ordføraren saman med landbrukskontoret og faglaga til møte på kommunestyresalen der ein skal prate om temaet.

Norsk Landbruksrådgjeving, AS Eidefoss og Sparebank 1 Lom og Skjåk vil også vera tilstade på møtet.

I tillegg til å informere om dei ulike støtteordningane ynskjer ordføraren å setta fokus på kva alle kan bidra med i god gammaldags dugnadsånd.

– Det blir ikkje meir grovfôr av skadeerstatning. Nå må vi berge alt det grovfôret vi kan, seier ordføraren.

– Det kan til og med bli naudsynt å finne fram både ljå og hesjestaur, legg han til.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø har merka seg at det står stadig att meir gras i utkantane og i vanskeleg terreng, noko som i ekstrem-år som i år kan koma godt med. Samstundes er ordføraren smerteleg klar over at den enkelte gardbrukar nå har jobba nærast døgnet rundt med både vatning, krøtterstell og slått.

– Slik sett har ikkje døgnet nok timar til å drive manuell grovfôrberging. Det er da dugnadstenkinga må koma fram, meiner ordføraren, som ynskjer å drøfte dette komande tysdag.

– I tillegg er det svært viktig å møtast for å prate saman om den vanskelege situasjonen som fleire gardbrukarar er utsett for.  Vi har bruk for alle dei aktive bruka vi har og må  ikkje koma i den situasjonen at produksjonsdyra må slaktast, seier ordførar Bjarne Eiolf Holø.

Det var Jarmund Øyen, styremedlem i fylkeslaget av Norsk bonde- og småbrukarlag, som tok opp dette med informasjonsmøte med næringa i Lom.

­– Eg trur det er stor forvirring om desse såkalla ekstraordinære hjelpe- og støtteordningane som blir omtala i media dagleg. Faglaga, elverk, bankar og andre gode hjelparar er ute med tilbod om hjelp. Dette må snart konkretiserast slik at jordbrukarane – som mange nå vurderer å sende dyra til slakting, veit kva for hjelp dei kan få. Tørken held fram og for mange brukarar kan det gå på helsa laus, seier Jarmund Øyen.

– Det blir ikkje meir grovfôr av skadeerstatning. Nå må vi berge alt det grovfôret vi kan, seier ordførar Bjarne Eiolf Holø. Foto: Arve Danielsen/arkiv