Redningsaksjon på Smørstabbtindan

To personar er skårfast på Smørstabbtindan i Jotunheimen. Veret hindrar Redningshelikopter å nå dei to.

Smørstabbtindan To personar er skårfast i dette området.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det er Hovudredningssentralen Sør-Norge som melder om redningsaksjonen på Smørstabbtindan  onsdag kveld.

To personar er skårfast på Kniven, eggen mellom Store Smørstabbtind og Sokse. Dei to er norske.

Redningshelikopter frå Florø er framme, men skydottar hindrar helikopteret å hente ut dei to.

Frå operassjonsleiar ved hovudredningssentralen får Fjuken opplyst at dei skal prøve å flyge inn personar frå Norske alpingrupper, som skal gå opp på fjellryggen og prøve få dei to trygt ned frå eggen.

Bistand frå Luftambulansen på Dombås er også aktuelt, melder HRS.

Saka blir oppdatert.