Landsfestivalen vil setje farge på bygda

Om ei veke startar Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Arrangøren Skjåk Spel og Dansarlag gler seg til å fylle bygda med musikk og liv fem dagar til ende.

Fargar bygda gul: Gule fargerike skilt, gule og oransje t-skjorter, vil setje farge på Skjåk-bygda når Landsfestivalen startar onsdag neste veke. Lena Kolden som har ansvaret for tevlingane og Randi Rust som er leiar for hovudkomiteen, gler seg til festivalen.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Når god musikk og triveleg folk møtest, blir det festival, seier Randi Rust, leiar for hovudkomiteen under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Skjåk.

I over eit år har Skjåk spel og dansarlag planlagt og organisert fram mot årets Landsfestival i gammaldansmusikk.