Lagar kvistar for påskefjellet

Sjølv om det er sommar, sol og varme, er Kjell Løkken i full gang med å lage kvistar til stikking av vinterrutene i Jotunheimen.

Friviljugt arbeid: Kjell Løkken lagar kvistar for hjelpekorpset som skal brukast til stikking av ruter i Jotunheimen til vinteren.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Vågå Røde Kors Hjelpekorps har stikkinga av fleire ruter i Jotunheimen for DNT.

Det er Kjell Løkken som i mange år har gjort arbeidet med å lage opp nok kvistar til hjelpekorpset.Arbeidet med å lage kvistar for neste års stikking, starta da årets påske var ferdig.

– Eg tek kvist i krattskogen utanfor Kjerringvelta ved søre rundkøyringa, seier Kjell Løkken.

Han tykkjer det er eit fint arbeid nå i sommarvarmen. Kjell fortel at det går med fire tusen kvist kvar sesong.  Kvar kvist er cirka 2,5 meter lang og det er 50 kvistar i kvar bunt.

– Eg tek og ordnar kvisten nå, for da tørkar den godt og blir lettare å frakte med snøskuter, seier han.

Kjell Løkken har meir eller mindre vore med i hjelpekorpset sidan 1958. Tidlegare var han også med på stikking på ruta innover Memurudalen og over Styggebreen til Glitterheim.

– Nå er dette det einaste eg bidreg med, seier Kjell Løkken.