Laga liv i Presthaugen

Det var song, spel og servering av vassgraut på tunet i Presthaugen onsdag. Folk kosa seg i finvêret.
Nyheiter

Onsdagar i sommar er det aktivitetar i Lom bygdamuseum i Presthaugen.

I dag, onsdag 25. juli, var det Lom bygdekvinnelag og Lom husflidslag som skapa liv i husa og på tunet.

Det var servering av vassgraut, steiking av lompe på takke, strikking, laging av hoppetau og beltespenne.

Folk fekk også ein smak av steikt kaku i smør og mjølk, servert med sukker på.

- Ein kasta ikkje kaku før i tida når det vart tørr, sa Borgny Mundhjeld i bygdekvinnelaget.

Even Offerdal Bakken spela på torader, og jentene Eldri Volden Mundhjeld og Martine Horten varta opp med song.