Går til Landsfestivalen i Skjåk

Onsdag 1. august går startskotet for Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Skjåk, og både sogningar og lesjingar tek beina fatt for å koma seg på festival.

Frå Sogn til Skjåk: Lystringen har vunne lagdansen under Landsfestivalen fleire gonger. Dei skal gå til Skjåk på festival.  Foto: Runhild Heggem

Frå Lesja til Skjåk: Lesja toradarklubb «På 2. rad» gler seg til å gå over fjellet og til musikk heile døgnet under Landsfestivalen.   Foto: Privat

Nyheiter

Det fine sommarvêret har motivert til fine fjellturar denne sommaren, og mange planlegg nå å gå til Skjåk på Landsfestivalen. Både i Luster og på Lesja har eldsjeler initiert eigne «gå-på-Landsfestivalen»-turar.

Spelemenn og -kvinner, dansarar og andre gammaldansinteresserte gler seg på festival, og denne gongen blir det altså med ein sosial fjelltur som prikken over i-en.

Det er FolkOrg som melder om dette i ei pressemelding.


Gladgjeng frå Lesja

I år, som for ti år sidan, går medlemar frå Lesja toradarklubb, «På 2. rad», over fjellet til Skjåk på Landsfestivalen. Dette er ein tur som tek om lag fem timar, og dei som er med på turen blir løna med servering på Aursjoen før dei kjem til Bismo.

Lesja toradarklubb har eksistert i 22 år og det viktigaste i klubben er samhaldet og miljøet. Gjengen frå Lesja har vore på alle Landsfestivalane sidan 1997 med unntak av ein. Dei storkosar seg med buskspelet og det sosiale på campingplassen og tykkjer det er triveleg å både sovna og vakna til gammaldansmusikk, men dei seier og at dei likar å vere deltakarar.

– Vi har nok markert oss mest i det sosiale livet på campingplassen, men vi tykkjer det er utruleg stas at den nye klassa for toradar- og trekkspelklubbar har kome på tevlingsprogrammet, seier den lystige gjengen.

Lesja toraderklubb lagar annakvart år kulturkveld med toradarmusikk og sketsjar i skjønn foreining. Dette er kveldar som har vorte veldig populære i heimbygda, og er ei viktig inntektskjelde for klubben. Overskotet går naturlegvis til sosiale hendingar, og i år skal dei til Italia.

– Men nå gler vi oss mest til tur over fjellet og musikk heile døgnet under Landsfestivalen i gammaldansmusikk!


To fylker – mykje utveksling

Ferdselsvegen frå Jostedalen i Luster kommune i Sogn over Handspiki til Sota seter i Skjåk i Gudbrandsdalen, har historisk sett vore mykje nytta til både fedrift, handel og sosial kontakt.

Innanfor runddansmusikken finn ein mange leiker som har vandra mellom dalføra.

Nå tek ein stor gjeng frå Jostedal Spel- og Dansarlag og Lystringen opp att tradisjonen og går turen over Handspiki til Landsfestivalen.

– Turen startar ved Styggevatnet onsdag 1. august kl. 09.00 og det blir lagt opp til eit tempo som alle taklar, seier Arve Bjørn Røneid, ein av eldsjelene i folkemusikk- og gammaldansmiljøet i Sogn.

– Her er det berre å slengje seg med for den som vil, held han fram.

Det var under eit styremøte i Jostedal Spel- og Dansarlag at idéen vart lagt på bordet, og langtidsvarselet hjå Yr melder at dette blir ein godverstur med innlagt spel og dans på vegen.

Men det er ikkje berre onsdagen det kjem folk farande frå Sogn. Ein delegasjon frå «Lystringen», som har vunne lagdansen under Landsfestivalen i gammaldansmusikk fleire gonger, reiser onsdag kveld opp til Styggevasshytta. Der blir det rømmegraut, spekemat, kaffi, kaker, spel og dans, før dei torsdag går same turen over til Skjåk som delegasjonen dagen før.

Frå Jostedal til Skjåk: Jostedal spel- og dansarlag skal gå frå Styggevatnet over Handspiki til Sota seter og Landsfestivalen i Skjåk.   Foto: Privat