Vårdalens fyrste godkjende bilverkstad

Berre tre i landet driv med kombinasjonen mjølkekyr og bilverkstad. Geir Ole Lyngved i Vårdalen er med i denne eksklusive klubben.

Bilverkstad: Geir Ole Lyngved (til høgre) har fått godkjent Vårdalens fyrste bilverkstad. I mange år har han drive med verkstad på garden, i eit lokale som er frådelt frå fjøset der han har mjølkekyr på båsen. Det starta med landbruksmaskiner, men det er det å skruve på bilar som har liggje hjarta nærast. Geir Ole Lyngved har søkt om å få utvide verkstaden for å få inn ei bremserulle, slik at han også kan ta på seg EU-godkjenning av bilar. Broren Knut Arthur Lyngved er tilsett som verksmeister.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Geir Ole Lyngved på nordre Lyngved i Vårdalen dreiv med landbruksverkstad på garden i mange år. Med tida vart det meir og meir skruving på bilar.

– Det er bil som har ligge nærast hjarta og det har vore ein draum å drive eigen bilverkstad, seier Geir Ole Lyngved.