Minnemarkering ved Sjoa:

Flagget, korset og elva

På dagen åtte år etter at fire ukrainarar omkom under rafting i Sjoa, var det tysdag ettermiddag ei minnemarkering ved Nybrua ovafor Ridderspranget der ulykka skjedde. Ordføraren i Vågå la ned krans ved eit kors som er sett opp for å minnast dei fire som omkom i ulykka.
Nyheiter

«Minnet må leva om redsle og mot, om dei frå Ukraina som elva tok, dei padla frå stilla mot stryk og mot gjel, og drukna ein sumar i Sjoa elv».

Slik skreiv Erling Hokstad i siste verset av diktet om ukrainarane som omkom i Sjoa for åtte år sidan. Sju berga seg i land.