Braut opp og tømte panteboksen

Panteboksen til Skjåk Røde Kors Hjelpekorps vest for Grotli har vore brote opp og tømt for tomgods.

Oppbrote: Panteboksen til Skjåk Røde Kors Hjelpekorps som står ved Grotli er brote opp.  Foto: Jarle Randen

Nyheiter

– Det er synd ting ikkje får stå i fred, seier Arne Teigum i hjelpekorpset.

Han og ein til har ansvaret for tømming og ettersyn av panteboksane.

Sist helg vart det oppdaga at panteboksen som står lengst vest på parkeringsplassen ved Grotli, var borte opp.

– Dei som har gjort det har truleg hatt med seg batteridrive vinkelslipar og skore sund låsen. Låsen og festet var borte. I staden for tomgods låg det mykje søppel i boksen, enda det står søppelcontainer to meter unna, seier Teigum.

Han fortel at hjelpekorpset har 14 slike panteboksar plassert rundt i kommunen. Teigum seier at det ikkje er noko stort problem at panteboksane blir brote opp, men irriterande når slikt skjer. 

– Panteboksane utgjer ein del av inntekta til hjelpekorpset, seier Arne Teigum.