Tysdag 24. juli blir det minnemarkering ved Nybrua. På denne datoen for åtte år sidan omkom fire personar frå Ukraina under rafting i Sjoa. Ni personar berga seg i land.

Vidar Mohn frå Eidsvoll er medarrangør for minnemarkeringa. Han fortel at det skal setjast opp eit minneskilt på staden der dei fire omkom.

Erling Hokstad, tidlegare trenar for kvinnelandslaget og poet, har skrive eit dikt om denne tragiske hendinga han vil lese.

Ordføraren i Vågå deltek og representantar frå den Ukrainske ambassaden i Norge er invitert til minnemarkeringa tysdag ettermiddag.

Minnemarkeringa er open for alle som vil delta.