Blir ny meierisjef

1. oktober blir Frode Aurmo ny meierisjef for  TINE Meieriet Lom & Skjåk.

Ny meierisjef: Frode Aurmo tek over som meierisjef for TINE Meieriet Lom & Skjåk etter Jens Hagen.   Foto: arkiv

Nyheiter

Frode Aurmo vart landskjent da han i 2010 stod på barrikadane for «raudosten» og for å berge meieriet på grensa mellom Lom og Skjåk. Frå 1. oktober blir han ny meierisjef.

Meieriet Lom & Skjåk hang i ein tynn tråd for 18 år sidan. Heile bygda og etter kvart langt ut over Gudbrandsdalen, engasjerte folk seg for «raudosten».