Forsthytta er ei gamal bu som truleg er bygt cirka 1880 og som Vågå fjellstyre kjøpe av Statskog i 2013.

Nå er hytta renovert med nytt tak, nytt kjøkken og nybeisa vegger og nye senger på soveromma.

– Hytta er eit fint og rimeleg tilbod for familiar som vil bu nære fjellet, seier Ivar Vistekleiven, leiar av fjellstyret.

Vistekleiven seier det er viktig at hyttene til fjellstyret ikkje står og forfell, men at dei blir stelt.

Hytta i Randsverk er ei av seks hytter som fjellstyret har til utleige. Forsthytta kan leigast av både innan- og utanbygds.

Dei fleste som leiger hytta gjennom inatur, er folk som kjem for å oppleve fjellet og naturen.

- Vi har sett i gang renovering av hytta vår ved Nedre Leirungen. Den vil stå klar for utleige neste sommar, seier Ivar Vistekleiven.

Forshytta, Vargebue og hytta ved Nedre Leirungen er til leige for utanbygds. Hyttene ved Bessvatnet, Gjendeosen og Vågåbue er eit tilbod for innbyggjarane i Vågå.

Forsthytta ligg langs Fuglsetervegen. Hytta har straum og kan brukast om vinteren.

Hytta har utedo i fjøset og vatn må ein hente i Rinda nedanfor.

- Det er mange som ynskjer å bu enkelt og rimeleg, seier fjellstyreleiaren.

Lalm handverkssenter har levert det nye kjøkenet i hytta. Foto: Arve Danielsen