Slike spørsmål høyrer ein i Skjåk om dagen.

Per Dagsgard har i snart 40 år hatt hand om det meste innan det ein med eit samleomgrep kan kalle teknisk etat i Skjåk kommune. Kor mange titlar han har hatt og omorganiseringar han har vore med på, har han knapt oversyn over.

Til det beste

– Eg har som regel signert breva med berre namnet mitt, desse titlane har det ikkje vore så farleg med.

Det som har vore viktigast for Per Dagsgard har vore å løyse oppgåvene han har hatt - til det beste for innbyggjarane og kommunen. Han har sjeldan sett problem, han har sett løysingar.

– Forgjengaren min, Reidar Kveen kom med eit godt råd; ein må tolke lover og forskrifter som rettleiande. Ein skal ikkje bryte dei, men heller ikkje lage barrierer på grunn av dei.

Effektiv

Folk har vore imponert over saksbehandlingstida til Dagsgard.

«Det tok nøyaktig ein time å få svar og få forlenga byggefristen og samstundes få godkjent at vi hadde endringar i høve opprinnelege teikningar. Det kallar eg effektiv saksbehandling», er eit døme på effektiviteten hans.

At han neste veke er pensjonist, er noko skjåkværane har fått med seg.

– Tja, det er kanskje derfor det har kome like mange byggesøknader til nå i år, som det kom i heile fjor.

Rådmannsavløysar

Teknisk, miljø, plan, beredskap, brann ... Han har hatt oversikt over det meste. I periodar har han omframt eigne oppgåver hatt ansvaret som rådmann i kommunen. Siste gong for fire-fem år sidan.

– Da var det stritt, det var mange prosjekt og oppgåver på eige område som skulle løysast, mellom anna det store adresseringsprosjektet i kommunen, men det gjekk da.

Han har turnert rådmannsperiodane fint, men har aldri vore inne på tanken om å søkje på stillinga som rådmann alle dei gongene den jobben har vore ledig i kommunen.

– Å vera rådmann er ei utsett stilling, og eg har alltid likt best det faglege.

Stortingssprekk

Som nyutdanna frå «tekniker’n» på Gjøvik fekk Dagsgard arbeid som konsulent i Oslo.

– Da var eg faktisk med på ombygginga av Stortinget. Det var akkurat same bygarden og tilsvarande same budsjettsprekken den gongen, humrar han.

Da det baud seg høve til å søkje arbeid som ingeniør i Skjåk kommune hausten 1978, var han ikkje sein om å søkje.

– Intervjuet med teknisk sjef Kveen var kjapt unnagjort - jobben var min.

Hjarte for heimbygda

Han har støtt hatt eit stort hjarta for heimbygda, og ein skal leite lenge etter spørsmål om bygda som han ikkje veit svaret på.

Natur og alt naturen rommar skal Dagsgard bruke mykje av tida si på som pensjonist. Han brukar kvar ei stund han har til å vera ute, anten på fisking, jakt eller på leit etter kulturminne.

– Eg har i snart femti år registrert utruleg mange kulturminne i Skjåk-fjella. Det er meiningslaust at eg som privatperson skal sitja på slikt, og eg har nå overlevert det til Oppland fylkeskommune slik at det skal koma ålmenta til gode.

Kulturminne

Funn av eit spjot med treskaft, ei steinøks, pilar og anna frå vikingtid, gamle fangstgraver, tofter ... Lista er lang over alt han har funne.

Nå står området han har hytte i, for tur. For eit år sidan kjøpte han ei eldre hytte ved Liavatnet ved Sota.

– Det hadde vore interessant å funne ut meir om Liavatnet og Sota. Det skal ein gong ha vore fast busetnad her, den såkalla Liabygde, men det er aldri funne konkrete bevis på at det har eksistert eit samfunn her. Det er knytt både mystikk og spenning rundt området. Det vil eg gjerne veta meir om. Elles treng hytta litt stell, og er det dårleg vêr ein dag kjem eg til å pusle med det. Er det finvêr neste dag stryk eg til fjells.

Somrane skal han ha i Skjåk, men resten av året kan han godt ta ein tur utanlands med kona Anne Trine.

– Du veit, eg bur i hop med ei som har lopper i blodet, og som er språkmektig, så det er greit med ein og annan turen ut òg.

Utdøyande rase

Ein annan stad Per og kona gjerne tek turen til, er Vien, eit fjellområde lengst nordvest i kommunen.

– Far kjøpte eit naust her frå 50-talet, som eg har overteke, og vi er mykje der - særleg for å fiske. Det er eit eldorado for fiske. Det er forresten altfor få som fiskar, og garnfiskarane er snart ei utdøyande rase.

Kan hende byråkratar som Per Dagsgard også er ei utdøyande rase. Han har vore meir enn ein god nummer to for skjåkværane i 40 år.

Ingen kan eller skal fylle stolen etter Dagsgard. Oppgåvene hans skal fordelast til andre tilsette. Foto: Hans Erik Kjosbakken