Utstilling av eldre folkemusikkinstrument i Jutulheimen

Kai Valbjør har gjeve samlinga av eldre folkemusikkinstrument etter faren til Vågå historielag. Sundag opnar utstillinga i Jutulheimen.

Utstilling: Sundag opnar ei utstilling av eldre folkemusikkinstrument på stalltrevet i Jutulheimen. Det er Kai Valbjør som har gjeve samlinga etter faren Leif Løchen til Vågå historielag. Her står han med eit gamalt langspel som faren restaurerte og som har ei spesiell historie. Trond-Ole Haug som skal halde føredrag om gamle stadnamn i Vågå, står med ei nordisk sekkepipe som Leif Løchen har laga. I midten står Eirik Haugen frå Gudbrandsdalsmusea.  

Nyheiter

Gudbrandsdalsmusea har gåande ein museumsstafett i samband med at dei er 10 år.

Sundag 22. juli er stafetten kome til Jutulheimen.

Her blir det opning av utstillinga av eldre folkemusikkinstrument etter Leif Løchen (1921 – 2011) som sonen Kai Valbjør har gjeve til Vågå historielag.

Det er delar av denne samlinga som i sommar vil stå utstilt på stalltrevet i Jutulheimen.

Kai Valbjør fortel at han gjev bort instrumentsamlinga etter faren for at andre også skal få glede av den.

Under opninga sundag, val han fortelja om faren og samlinga.

Leif Løchen var fødd i Oslo fatta tidleg interesse for folkemusikk, bygdekultur og byggjeskikk. Heile livet vart gamle folkemusikkinstrument, og dei gamle tonane/tonaliteten  ei av hans største interesser.

Leif Løchen var utdanna arkitekt, og det var gamal byggjeskikk og interesse for det som førde han til Vågå og Valbjør. Som representant for Norsk Folkemuseum skulle han i 1942 gjera noko registreringsarbeid, mellom anna på Valbjør.

Tanken var å bli i Vågå eit par veker, men ymse hendingar gjorde at han fekk eit nesten 70 år langt kjærleiksliv, i dobbel forstand, på Valbjør: Han vart gift med gardjenta Gunhild på Valbjør.

Frå 1964 til 1987 var Leif Løchen konservator på De Sandvigske Samlinger på Maihaugen på Lillehammer, heilt til han vart pensjonist.

I 1987 flytte Leif og Gunhild attende til Valbjør, der han tok fatt på restaurering av fleire av bygningane på garden. Samstundes dreiv han med mangt innan folkemusikk, mellom anna eit omfattande registreringsarbeid av gamle musikkinstrument på oppdrag frå Folkemusikkarkivet for Nord-Gudbrandsdalen. Dette resulterte til boka «Frå skorofele til salmodikon».

I samlinga av gamle folkemusikkinstrument som opnar i Jutulheimen sundag,  finn ein bukkehorn, fløyter, skorofele, langleik (langspel i Gudbrandsdalen), munnharper, neverlur, nordisk modell av sekkepiper og tre hardingfeler som Leif Løchen har laga.

I Jutulheimen sundag vil Trond-Ole Haug halde føredrag om stadnamn frå Vågå.

Han skreiv i 1980 hovudoppgåve om stadnamn frå Vågå, og frå 1988 – 1991 var han av prosjektleiar for stadnamnprosjektet i Oppland.