Vedlikehald på Gamle Strynefjellsvegen

Sikrar gamle vegmurar for framtida

Gamle Strynefjellsvegen vart i si tid bygt for hand. Eit meisterverk innan vegbygging. Nå er det starta eit omfattande vedlikehaldsarbeid av gamle vegmurar.

Ikkje til hinder: Det er Mesta som har vedlikehaldsarbeidet på vegen. Arbeida i sommar vil ikkje føre til store konsekvensar for trafikken.  Foto: Anna Bruland

Nyheiter

Fyrst i juli starta Mesta opp arbeidet med vedlikehld av Gamle Strynefjellsvegen, fylkesveg 258 i Skjåk kommune.

Vegen gjennom Måra- og Videdalen stod ferdig i 1894. Vegen som bitt saman Aust- og Vestlandet, fungerte som hovudveg til nye riksveg 15 over fjellet stod ferdig i 1977.

Gamle Strynefjellsveg er ein chaussé som er lagt på skrånande tørrmura vegmurar og fyllingar som er tilpassa terrenget. Vegen som var bygd for hand, var i si tid sett på som eit meisterverk innan vegbygging.

Gamle Strynefjellsvegen med sine slake liner og hårnålssvingar er lagt på tørrmura vegmurar med stabbesteinar som rekkverk. Dette gjev vegen stor opplevingsverdi som turistveg i naturskjønne omgjevnader.

Dersom vegen skal bevarast for framtida, er det behov for omfattande vedlikehald av vegmurane.

Oppland fylkeskommune som vegeigar, har løyvd seks millionar kroner over tre år til dette arbeidet.

Mange av vegmurane er i løpet av åra nedgrodd.

– Fyrst og fremst fjernar vi grus ved murane for å få oversikt over tilstanden. Det er eit fantastisk byggverk, seier Ann Kristin Engh, regionskoordinator for nasjonal verneplan og vegminne i Statens vegvesen.

– Dette er einaste fylkesvegen med grusdekke, seier Engh.

Ordførar Elias Sperstad i Skjåk er glad for at noko blir gjort på denne historiske vegen.

– Det er kjempebra at det er vilje til å satse på å sikre vegen for framtida, seier Sperstad.

Han fortel at han for eitt år sidan tok initiativ til å få sett på den gamle vegen, og at det i fjor haust var ei synfaring på vegstrekninga.

Den delen av vegen som ligg Stryn-sida har fast dekke, medan vegen som ligg i Skjåk har grusdekke.

Sperstad seier han ynskjer å sjå på om vegen kan få fast dekke også her.

– Vil ikkje vegen miste særpreget sitt med fast dekke?

– Det er spørsmål om kva som er mest framtidsretta. Ein grusveg krev mykje vedlikehald. Det finst fast dekke som ser ut som gamal veg, seier Sperstad.

Han legg til at det ligg sterke føringar frå Riksantikvaren her, og trur legging av fast dekke sit langt inne.