Etter at fire klatrarar frå dei alpine redningsgruppene har tilbrakt natta saman med dei to som i går kveld gjekk seg fast under toppen, er alle i ferd med å bli lyfta ned frå fjellet.

Dei to klatrarane vart tidleg laurdag ført opp til toppen med hjelp frå redningsmannskap, og har sidan venta på å bli flogne ut.

Det er Hovudredningsentralen Sør Noreg som melder dette.