Mannen bak dei nyheitsaktuelle teikningane i Fjuken dei siste vekene er Hans Olav Lien frå Skjåk. Han er 42 år, han bur i Lundagrende – og han elskar å teikne.

– Som unge og ungdom teikna eg svært mykje, spesielt når eg hadde det kjedeleg, det vil seia på skulen, ler Hans Olav.

Han teiknar på innfall og kan teikne det meste, men vitseteikningar har han alltid vore spesielt glad i. Humoren er gjerne litt på kanten, tykkjer han sjølv, men han overlet til Fjuken å eventuelt sensurere det som er «for gale», som han uttrykkjer det.

Etter å ha vore ein svært ivrig teiknar i barne- og ungdomsåra, tok han seg ei lang pause. Han veit ikkje heilt kvifor, men det vart så travelt med andre ting. Han hadde korkje tid eller overskot.

Lang pause

– Det vart ei lang pause, faktisk 20 år. Men så opplevde eg å bli langtidssjukmeldt, og da var det noko som skjedde. Det er dette med å kjede seg, veit du. Eg er utålmodig og ynskjer å bli fort betre, men det tek si tid. Derfor fann eg fram att teiknehobbyen i fjor, og etter det har det berre balla på seg.

Det tok lang tid før Hans Olav Lien synte fram teikningane sine til nokon, men ein dag gjorde han det. Oppmodingane frå folk var ofte dei same: Syn fram teikningane til andre, gå til Fjuken og vis dei fram der!

Til slutt gjorde han det, og nå har Hans Olav ei fast avtale med lokalavisa: Ei teikning per veke, helst som ein kommentar til noko det har stått om i avisa – eller noko ottadølane er opptekne av.

– Eg storkosar meg med oppgåva eg har fått. Med unnatak av Aftenposten kvar fredag, les eg ikkje andre aviser enn Fjuken. Mykje av det pressa skriv om tykkjer eg er tull, det same kan eg seia om internett, det er generelt altfor mykje unyttig informasjon, etter mi meining, seier Hans Olav, som er oppteken av å sparke oppover – aldri nedover.

Sparkar alltid oppover

– Derfor er det stort sett ordførarar, rådmenn og politikarar som «får det», eller øvrigheita, som eg kallar det. Å sparke oppover er heilt sjølvsagt. Det skulle berre mangle, for eg har berre husmannsblod i årene, skrattar han.

– Kor lang tid brukar du på kvar teikning?

– Det er svært varierande. Somme gonger kan eg få ein idé med ein gong eg ser Fjuken, og eg kan ha ei skisse og eit poeng i hovudet med det same. Andre gonger kan det gå fleire dagar før det kjem noko som i det heile tatt kan likne på ein god idè. Men eg likar litt det presset, faktisk – at eg må levere. Ettersom forma er ganske varierande, spelar også det inn, naturleg nok, men stort sett går det bra. Eg kosar meg når eg sit og teiknar. Da har eg liksom ikkje tid til å fundere over andre ting. Hjerna mi har nok ein tendens til å gruble litt for mykje, og da kjennest det godt å ha teikningane å fordjupe seg i.

Nettside

Hans Olav Lien er på tur til å lage ei nettside – fevril.no – der han vil leggje ut alle teikningane han har hatt på trykk. Nye teikningar vil bli lagt ut etter kvart.

Det er mange som har spurt Fjuken om kven som står bak teikningane. Hans Olav har ikkje hatt lyst til å fortelja det, men nå har han endeleg ombestemt seg. I det siste har han fortalt det til ganske mange sjølv óg, så da er det like greitt at det kjem i avisa, slår han fast.