Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) melder fredag kveld at det er sett i gang ein redningsaksjon på Vetle Skagastølstind.

To fjellklatrarar sit skårfaste på ei fjellhylle.

Alpine redningsgrupper frå Lom og Jostedalen vil saman med luftambulansen frå Dombås vil gjera eit forsøk på å hente dei ut.

Til VG seier HRS at luftambulansen har landa på Turtagrø der dei nå legg ein plan saman med redningsgruppene for korleis dei skal få ned dei to klatrarane, som er norske.

– Dei sit på ei fjellhylle på 2.320 meter. Dei sit eigentleg trygt, men klarar ikkje å koma seg ned. Det er noko tåke i området, seier Johan Mansåker, vakthavande redningsleiar ved HRS Sør-Norge til VG.