«Eg må reise til Vågå for å få ro», hadde Edvard Munch sagt. Den 20. juli 1895 kom han vandrande ned til Vågåmo frå Sjodalen.

Fredag var det avduking av den fyrste merkestolpen på Langmyrene, lang den historiske vandreruta frå Sjodalen til Vågåmo som Edvard Storm gjekk i 1895.

Denne hendinga vil bli markert med ein årleg Munch-dag i Vågå på denne datoen.

Cirka 25 personar var med på vandringa frå Langmyrene og ned til Gammel-Kleppe, med Dag Lindvig som guide.

- Det vi markerer i dag er ein vilje til å setje i gang, ved å avduke den fyrste stolpen på vandreruta, sa Lindvig.

Det var ordførar Iselin Vistekleiven som fekk æra av å stå for avdukinga.

- Det er historisk sus over å stå her på same  dagen som Edvard Munch gjekk for 123  år sidan, sa Vistekleiven.

Ho fortalde at Vågå si Munch-satsing starta med at eldsjel Unn Bostad  tok initiativ til at  Vågå kom inn i Munch-nettverket saman med  åtte andre kommunar.

Ordføraren fortalde at  det er sett i gang eit regionalt prosjekt som skal arbeide for å få opp «Den nordre rute», eit samarbeid mellom Løten kommune, Vågå kommune og Munchmuseet.

«Den nordre rute» går ut på å etablere publikumstilbod slik at kunstnaren Edvard Munch sin fødestad på Løten og farsslekta og tilknytinga til Vågå blir kjent.

Det eine produktet er «Vandring i Edvard Munchs fotspor», som vil følgje den ruta Edvard Munch gjekk i 1895 frå Bessheim, ned Sjodalen til Randsverk, vidare forbi Lemonsjøen, forbi Flatningen og ned til Vågåmo. Her er det planlagt å setje opp skilt og informasjonstavler undervegs.

- Vi er avhengig av å ha med oss privat næringsliv, lag og organisasjonar for å lukkast, sa Vistekleiven.

Ordføraren takka Unn Bostad og Johan Storm Munch for all informasjon dei har samla om Edvard Munch og hans tilknyting til Vågå.

Etter avdukingsseremonien gjekk følgjet ned Britbrekka, om Rompa og ned til Gammel-Kleppe.

Her vart dei ynskt velkomne av Tone Jorunn Tveito på lur. Ho bidrog også med song, med tekster av Aasmund Olavsson Vinje. I år er det 200 år sidan han vart fødd.

Da Edvard Munch i 1895 gjekk ned til Vågå, gjekk han strake vegen ned Kveom.

- I dag ville Edvard Munch som var oppteken av slekta si, svinga innom på Gammel-Kleppe, sa Dag Lindvig.

Kona Ingun Munch Lindvig har sitt slektskap med verdskunstnaren. Ho serverte sitronkake, basert på oppskrift av Christine Storm Munch, oldemor til Edvard Munch, til dei som hadde gått vandreruta.

I stallen held Johan Storm Munch eit føredrag om kva Vågå og farsslekta betydde for Edvard Munch. Her hadde han også samle gamle portrettmåleri av slektningane til Munch og fleire personlege gjenstandar.

Johan Storm Munch kom med fleire fascinerande historier om Edvard Munch og om hans forfedrar som var prestar i Vågå.

Dag Lindvig kunne fortelje at dei har planar om å setje opp ein låve som skal romme ei utstilling om Munch.

- Ikkje ei utstilling med Munch-måleri, men om ei utstilling om Munch og hans slekt, sa Lindvig.