Bård Hanem hadde teke på seg å vera streng rektor, medan Gaute Elvesæter Helland inntok rolla som vaktmeister.

I «gamle dagar» var det ikkje slik at ungane kunne storme inn i klasserommet og setja seg ned. Dei måtte stå på rekkje og rad utanfor skulestugu. Gutane bukka, jentene neia – og alle måtte stå ved pultane sine heilt til læraren gav beskjed om at dei kunne setja seg.

Det var mange som ville vera med på skuletimen, skulestugu var heilt full av bygdefolk, turistar, unge og eldre. Alle fekk skrive med blekk og pennesplittar, likeeins fekk dei skrive på steintavle.

– Skrivebøker hadde dei ikkje råd til den gongen, langt mindre kladdebøker, fortalde Bård Hanem.

For venstrehendte kunne skuledagen vera spesielt utfordrande.

– Ingen fekk skrive med venstre. Elevane måtte lærast opp til å skrive med høgrehanda, same korleis det var, fortalde Gaute Helland.