– Det som skulle vore beite til mjølkekyr er heilt avsvidd, seier Jo Ivar Kleiven der han står og ser utover jordet på bruket Tolstadkleive i solsida på Lalm.

I likskap med mange gardbrukarar opplever han nå at avlinga tørkar bort.

– Fyrsteslåtten var dårleg, ein tredjedel av det den bør vera, seier Kleiven og fortel at han har fått ut 0,8 rundballar i snitt per dekar. Normalt skulle det vore 2-3 rundballar per dekar.

Jo Ivar Kleiven fortel at han har att frå fjorårsavlinga til fôring, men dette varar ikkje evig.

Han har ein plan for kva han må gjera for å berge situasjonen på garden han tok over for ti år sidan. Han har seld åtte oksar og sendt fire til slakting. Han fryktar at dei neste han må sende til slakting er kviger. På båsen i fjøset har han 23 mjølkekyr. Og han har 30 vinterfora sau.

Kor mange dyr han kjem til å møte vinteren med, om ikkje varmen og tørken gjev seg, tør han ikkje tenkje på. Ikkje enno, i alle fall.

– Eg likar ikkje tanken på å måtte vurdere å sende kvar enkelt ku til slakting, seier Jo Ivar Kleiven.

Han seier at slik det ligg an nå, er det eit alternativ å sende kyrne på utmarksbeite innpå Tolstadåsen. Utfordringa her er at det er mange bekkar som har tørka inn, sjølv om det framleis er vatn i nokre tjern.

Jo Ivar Kleiven har fôring og slått på 20 jordstykke i Sel og Vågå, både som han eig eller leiger. Dei fleste av desse ligg inntil kvarandre.

– Vi har støtt hatt utfordringar i landbruket, men slik situasjonen er nå, får ein ikkje gjort noko med, seier han.

– Det må snart koma noko vatn. Det har eg tenkt ein månad nå, seier han og ser opp på ein skyfri himmel.

Han fortel at det førre torsdag kom 20 millimeter regn. Det var viktige dråpar, men alt for lite.

– Med rett vêr siste delen av sommaren kan ein rette opp mykje, men ikkje på langt nære så mykje som ein kunne hausta. For kvar dag med sol, byrjar det å haste med å få ein bra andreslått, seier Kleiven.

Han fortel at han har eit dyrkingsfelt i myrjord på Tolstadåsen der det på tørre somrar er bra produksjon. Nå er det så tørt at det ikkje er grasvekst i det heile.

Store område kan sjå ut til å få dårleg avling. Jo Ivar Kleiven er spent på om ein vil få kjøpt grovfôr. Import av fôr frå utlandet er han skeptisk til.

– Ein ting er smittefaren. Noko anna er at fôret kan føre til spreiing av ugras vi ikkje ynskjer her i landet. Og er det nok fôr å få kjøpt når heile Nord-Europa er utsett for ekstremtørke? undrar han.

Jo Ivar Kleiven er sikker på at den langvarige tørken vil gje økonomiske tap. Ikkje berre for han, men for mange andre også. Kor mykje han vil tape, har han ikkje turt å rekna på.

– Eg er ikkje i tvil om at inntekta vil gå ned. Tilskotet går ned når talet på dyr går ned. Det er ein ond sirkel. Det som skjer nå vil ha verknad i fleire år framover, seier han.

Jo Ivar Kleiven seier at mange med han har lagt ned mykje pengar i kunstgjødsel for å få god avling. Køyring og spreiing av møkk. Dette er innsats som nå brenn bort på jorda. Og dei som vatnar har store utgifter, sjølv om det er gjort ein innsats for å hjelpe her.

– Vatning hjelper, men kompenserer ikkje for mangelen av nedbør, seier han.

Eit anna problem som følgje av langvarig tørke er kritisk låg grunnvasstand.

– Blir vasskjeldene våre tomme, har vi eit alvorleg problem. Ei ku skal ha hundre liter vatn i døgnet. Resultatet av den varme sommaren vil følgje oss langt utover vinteren, seier Jo Ivar Kleiven.

Garden Tolstadkleive ligg såpass høgt ovanfor Lalmsvatnet ein ser i bakgrunnen, at å pumpe vatn frå der til vatning er nyttelaust. Og bekker som renn inntil garden, er tørka inn. – Det må snart koma noko regn. Det har eg tenkt ein månad nå, seier Jo Ivar Kleiven. Foto: Arve Danielsen
Jo Ivar Kleiven har fleire jordstykke i bruk til beite og foring. Så langt har ekstremvarmen og tørken ført til at han har sendt fire oksar til slakting. Foto: Arve Danielsen