– Butikkane i Oppland får ein oppsving i juli og august, seier direktør for Virke Faghandel, Bror William Stende i ei pressemelding.

I 2017 utgjorde sommaromsetjinga 18,7 prosent av årsomsetjinga i fylket.

Størst betydning hadde sommarhandelen i Lom (27,3 prosent), Skjåk og Øystre-Slidre (båe med 24,5 prosent).

– Dette understreker kor viktig turistar og hyttefolk er for omsetjinga på dei typiske turiststadene, seier han.

– Virke si undersøking Reisepuls viser at stadig fleire oppgjev at hytta i Noreg blir ein del av sommarferien. Dette har blant anna stor betydning for omsetjinga i dagligvarebutikkane på typiske feriestader, fortel direktør for Virke Dagligvare, Ingvill Størksen.

Turister og hyttefolk er særleg viktig for dei minste lokale butikkane i utkant-Noreg, og ei vellukka sommaromsetjing kan vere avgjerande for å skape lønnsam drift.

– I typiske hytte- og turistkommunar er sommaren enormt viktig for årsomsetjinga, fordi det kjem tilreisande som vil handle inn både mat og andre varer. I små lokalsamfunn, kan daglegvarebutikken vere heilt avhengig av sommaromsetjinga for å klare å halde ope resten av året, og dermed vere med å sikre lokalsamfunnet, seier Størksen.

Tala er utarbeidd av Kvarud analyse, på vegner av Hovedorganisasjonen Virke. Befolkningsundersøkinga om nordmenns ferievanar og ferieplanar (Reisepuls), er gjennomført av Opinion, på oppdrag for Virke.