Mange reagerte da Stine Aasheim onsdag kveld la ut status på Facebook om hærverk på grava til sonen hennar og mannen Anders.

Ho fortel at dei fleire gonger har vore på kyrkjegarden i Vågå og opplevd at det har vore gjort hærverk på grava til sonen Jonas som vart berre ein dag gamal da han vart fødd i 2015.

Det har vore episodar der blomar har vore rive opp og ein liten kosebamse som vart sett på grava til vesle Jonas på bursdagen hans i januar, er nå borte.

Fyrste gongen bamsen var borte, fann Stine den att ved parkeringsplassen nedanfor kyrkjegarden. Det skjedde fyrst i juni.

- Eg tenkte at det kanskje var ein unge som hadde vore på kyrkjegarden som hadde  funne bamsen og teke den med seg. Nå er bamsen heilt borte, seier Stine Aasheim stille der ho står ved grava til sonen.

Ho fortel at ho ein fekk tekstmelding frå ei som hadde funne bamsen ein gong seinare, og som hadde sett den på plass att på grava til sonen.

Stine fortel om to hjartesteinar som har vorte flytta på, blomar som er rive opp og ein engel på toppen av gravsteinen som ho fann att på plenen.

- Eg har også høyrt om to til som har opplevd det same på sine gravplassar i sommar, seier Stine.

- Det er frykteleg sårt at ting blir borte og øydelagt på grava. Det er vondt og det gjer meg sint når eg kjem på grava til sonen vår som vi saknar så sårt, og ser at ting er øydelagt eller borte. Eg forstår ikkje kven som kan gjere noko slik. Dei har null respekt, seier Stine.

Ho seier at ein må kunne pynte på grava og kjenne seg trygg på at ting får liggje i fred på kyrkjegarden. Stine fortel at ho i si tid vart åtvara om å leggje fine ting på grava til sonen.

- Det er her eg vil ha fine ting. Her på grava til guten vår, seier ho.

Statusen til Stine Aasheim på Facebook fekk mange kommentarar og vart delt 155 gonger.

Ordførar Iselin Vistekleiven reagerte sterkt da ho las det Stine skreiv og tok kontakt med ho.

- Dette er respektlaust og noko eg tek sterk avstand frå, seier Iselin Vistekleiven.

Ho ber folk om å vise respekt for gravstader.

- Det er vondt og opprivande når slike ting skjer, seier ordføraren.

Ho tykkjer det er bra at Stine Aasheim seier frå om det som skjer og at det blir sett ein stoppar for dette. Ordføraren fortel at kyrkjegarden er videoovervaka.

Også Erik Lillebråten som er leiar for Vågå kyrkjeleg fellesråd reagerer.

- Vi har ikkje hatt problem med gravminne dei siste åra, seier Lillebråten.