- Tørken påverkar dei fleste av oss, seier avdelingsleiar Martin Sletten ved teknisk i Vågå kommune.

Han ser inga løysing på utfordringane på stutt sikt, og seier han forstår folk som er oppgjeve over at dei ikkje får vatne plenen sin.

I fylgje NVE er situasjonen slik over store delar av Sør-Noreg og det skal til svært mykje nedbør over lang tid, før det vil betre situasjonen.

- På grunn av denne situasjonen har Vågå kommune innført vatningsforbod for alle vassverka våre så nær som Lemonsjøen/Randsverk. Etter att forbodet vart innført har innbyggjarane vore særs flinke til å fylgja dette slik att situasjonen i Vågå er stabil, men krevjande. Om ikkje innbyggjarane har teke dette alvorleg, ville situasjonen i  dag vore særs alvorleg, seier Sletten.

Før det vart innført vatningsforbod, fortel han at det gjekk med 2.000 kubikk vatn i døgnet ved Vågåmo vassverk. Sletten fortel at 1.500 av dette gjekk til vatning.

- Normalt brukar husstandane som er knytt til vassverket 500-600 kubikk i døgnet, seier han.

Avdelingsleiaren for veg, vatn, avlaup og renovasjon fortel at Vågåmo vassverk tek vatn frå Finna, sjølv om brønnane ligg i Vanglandet.

- Det er grunnvatnet frå Finna vi brukar, ikkje noko frå Vågåvatnet slik mange vil tru i og med at vassverket ligg ned mot vatnet. Grunnvasstanden ved brønnane er svært låg, seier Sletten.

Vågåmo sentrum er klausulert som drikkevassone. Grunnvatnet går etter det gamle faret til Finna, på grove morenemassar 20 meter under bakken.

- Når Finna er låg klarer vi ikkje å fylle etter nok vatn. På det verste mangla vi 15 centimeter før pumpene saug luft, fortel Martin Sletten.

Han fortel at nivået på grunnvasstanden ved vassverket har stabilisert seg, men at det er alt for lite til at ein kan opne for vatning.

- Vi må vere restriktive på vassbruken for å halde nivået på grunnvasstanden vi har i dag. Vi kjem ikkje til å opne for vatning på lang tid, seier Sletten.

Han kan roe med at ein ikkje vil bli totalt vasslause. Sletten viser til instruksjon frå NVE om å avgrense bruken av drikkevatn. Han seier det er kommunen si plikt å følgje det rådet.

Vågå kommune har fleire blomar og bed i sentrum som blir vatna. Sletten fortel at dei tek vatn frå Finna til dette. Likeins er det med vatning på kyrkjegarden. Dei pumpar vatn frå Finna.

- Kommunehuset blir kjøla ned med vatn. Dette har vi stengt av, noko som har ført til at det har vore 30 varmegrader inne på kontora. Det er viktig at vi også følgjer restriksjonane vi pålegg innbyggjarane våre, seier Sletten.

Ved Lalm vassverk er det også innført vatningsforbod, likeins i Stokstadåsen i Sjårdalen der det er svært lite vatn. På Tessand er det stabilt.

Ved brannstasjonen i Vågåmo og ved reinseanlegget på Lalm har det i mange år vore mogleg å hente reint drikkevatn frå kran ute 24 timar i døgnet. Same tilbodet er å finne ved Skårvangen og Skogbygda grendahus og ved barnehagen på Tessand.

Som eit ekstra tilbod for vatning og til husdyr, er det nå sett opp ei pumpe som hentar vatn i Finna.  Pumpa med slange står nedanfor brannstasjonen/lageret til hjelpekorpset.

- Vi har akuttberedskap i VA-avdelinga og brannvesenet for gardsbruk som har vorte vasslause, seier Sletten.

Vågåmo vassverk som ligg på Vanglandet, tek vatn frå grunnvatnet frå Finna. Foto: Arve Danielsen