– Eg må seia vi har hatt ein svært god start, men jammen er det stressa, dette her...

Det svarar Åsne Heldal Hagen når Fjuken spør korleis det går med Sentral’n i Lom sentrum.

Ho tok over Sentral’n – som før heitte Kuba – i fjor. Dørene vart opna 1. mai i år, og frå opningsdagen har det gått i eitt.

– Det vart ei bratt lærekurve. Den store utfordringa har vore logistikken på kjøkenet. Eg hadde ambisjonar om å by på fleire ulike middagsrettar, men der måtte eg skifte meining. Nå har vi is, kaffe, øl, elgburger og pizza – og ein lunsjrett. Å ha fleire rettar vart for ambisiøst, det fann eg fort ut.

– Kva har overraska deg mest som heilt «fersk» turistvertinne i Lom?

– Eg hadde ikkje trudd at eg skulle bli så jælma stressa sjølv. Når det er kø, eller når folk må vente på maten... og når det kjem fleire og fleire... Eg har kjent det godt i magen, for å seia det slik. Heldigvis har eg svært flinke folk med meg i sommar, og sjølvsagt er eg enormt tilfreds med vêret! Det har gått enormt store mengdar med is.

– Du angrar ikkje på at du satsa på dette?

– Eg har ikkje angra ein dag. Dette er ein svært artig og sosial arbeidsplass, det er tempo og fart – og det har eg alltid likt. Eg visste berre ikkje at det skulle bli så jælma travelt som dette, ler Åsne.

Alt i alt er det 12 tilsette på Sentral’n denne sommaren.

– Eg håpar mange av dei vil vera med neste sommar òg, for da har vi alle meir erfaring og er tryggare i korleis dette går føre seg. Da kjem nok logistikken meir på plass òg. Ein lærer etter kvart, veit du, seier Åsne, som nyttar høvet til å takke ottadølane for mange positive attendemeldingar.