Landbruket i distriktet opplever den verste tørken sidan 1940-talet. Primærnæringa slit med å skaffe nok fôr til dyra og fleire må slakte ned delar av besetninga.

– Vi ynskjer å hjelpe landbruket. Veret får vi ikkje gjort noko med, men vi ynskjer å bidra med det vi kan, skriv sals- og marknadssjef Hanne C. Omvik i Eidefoss i ei pressemelding.

Ho fortel at Eidefoss nå subsidierer straumprisen med minus 15 øre per kilowattime for alle kundar med eigen målar på vatningsanlegg i landbruket. For å hjelpe bøndar som ikkje har eigen måler på vatningsanlegget, så reduserer ein nettleigas energiledd med 50 prosent.

- Dette kjem sjølvsagt alle Eidefoss Netts resterande kundar til gode også, skriv Omvik.

Sals- og marknadssjefen skriv at for ein gardbrukar som vatnar med ei 30 kW pumpe, vil dette utgjere ein reduksjon på cirka 4.500 kroner.

AS Eidefoss oppfordrer alle næringsdrivende i distriktet  til å hjelpe landbruket i denne tørkekrisen.

- Mange bekkar små, gjer ei stor å, skriv Omvik.