Det strøymde til med folk på Sognefjellshytta tysdag ettermiddag og kveld av folk som ville vere med Lars Monsen på tur gjennom Jotunheimen.

Turen startar onsdag føremiddag frå Bøverton der fyrste etappe går til Sognefjellshytta. NRK skal følgje Monsen og turfølgjet minutt for minutt. Om kvelden blir det direktesending frå hytta med «Sommeråpent».

- Turane med Lars Monsen som tur- og programleiar skal sendast live, minutt for minutt. Vi håpar at så mange som mogleg vil blir med på turen, sa Thomas Hellum, prosjektleiar for minutt for minutt-sendinga i NRK.

Hellum fortel at NRK stiller med 50 personar for å gjere sendinga mogleg. Kring 20 av desse blir med på turen saman med Monsen.

Prosjektleiaren fortel at det er utfordrande å sende direkte-tv frå Jotunheimen. Det blir plassert folk på fjelltoppar ved ruta for å sikre signal ut til fjernsynssjåarane.

- Vi har med oss 250 kilo utstyr som blir bore av friviljuge frå DNT, fortalde Hellum.

Blant staben frå NRK som skal følgje Lars Monsen, er Even Lusæter frå Vågå.

- Eg skal gå med kamera og filme det som skjer undervegs på turen, sa Lusæter.

Han gler seg på turen. Onsdag kveld skal han vere med og filme under «Sommeråpent» frå Sognefjellshytta.

«Sommeråpent» skal syne fram høgdepunkta frå dagsturen med Monsen, blanda med spanande gjestar, konkurransar, underhaldning og musikk.

- Eg gler meg til få lage Sommeråpent frå hjartet av fjell-Noreg, sa Tarjei Strøm, som leiar kveldssendingane frå Jotunheimen saman med Stian Sandø.

Under «Sommeråpent» frå Sognefjellshytta onsdag kveld, blir det song og musikk av  Fay Wildhagen, medan Hilde Aass – leiar av Norsk tindeklubb, vil fortelje om kva Jotunheimen har betydd for norsk fjellsport.

Hilde Aass har i likskap med Lars Monsen gått Norge på langs.

Da Lars Monsen gjekk på Hardangervidda førre veka, var 300-400 personar med på turen.

Han er spent på kor mange som blir med på turen når dei legg av garde frå Bøverton onsdag føremiddag.

- Eg blir overraska om det blir like mange som på Hardangervidda. Hardangervidda er flatare og lettare landskap å gå i. Jotunheimen blir tøffare, sa Lars Monsen.

- Kor godt kjenner du Jotunheimen frå før?

- Altfor dårleg. Eg reiser helst på tur dit det er lite folk. Difor har eg aldri vore på Galdhøpiggen eller gått Besseggen.

Lars Monsen har blant anna gått Canada på tvers gjennom eitt av verdas mest aude villmarksområde med selskap av ulv og bjørn.

- Du som er van med å gå einsleg på tur, korleis er det å ha så mykje folk på slep som desse turane vil by på?

- Eg er mentalt førebudd på dette. Her treffer ein mange blide menneske og det er god stemning på turen, sa Lars Monsen.

Det er mange som gjerne vil ha bilde av seg saman med Monsen. Og det skal dei få, men ikkje før turen er over.

- Seier ein ja til ein, må ein seie ja til resten også. Difor stiller eg opp for fotografering og selfie etter at vi er framme ved turmålet. Da står eg gjerne ein time, smiler han.

Lars Monsen er oppteken av at turen skal gjerast i respekt for naturen og at ein ikkje etterlet seg spor. Han ser på det som ei sjølvfølgje at folk tek med søppelet sitt heim att.

- Dersom ein må på do, så har vi biopose ein kan bruke og putte den i do når ein kjem fram, sa Lars Monsen.

Villmarkingen er kjent for å hale inn store feite fiskar på turane sine. Han har også med fiskestong på turen gjennom Jotunheimen.

- Det blir lite tid til fisking på denne turen her. Men, eg har like stor glede av å sjå andre fiske, seier han.

Og det blir rikt høve for både Monsen, turfølgjet og fjernsynssjåarane, å få sjå fisk.

Med på turen frå Bøverton blir Åsmund Galde frå Lom fjellstyre for å setje ut fisk i Svarttjønn. 150 aurar skal berast til fjells og setjast ut i vatnet.

Torsdag går Monsen frå Sognefjellshytta til Fanaråken, fredag vidare til Skogadalsbøen, laurdag til teltleir i Fleskedalen og sundag til Svalheim gard i Øvre Årdal.

Dei to neste vekene er det Vesterålen og Indre Troms som står for tur.

- Når desse turane er over, har du nye turplanar?

- Eg har mange planar og drøymer om turar. Men nå fokuserer eg på desse turane her, smilte han.

Midt i virvaret av folk på Sognefjellshytta gjekk turistvert Råmund Mundhjeld.

Han tykte det var stas at NRK legg Monsen minutt for minutt innom Sognefjellshytta og at det blir direktesending frå hytta om kvelden.

Mundhjeld var spent på kor mange som kjem for å bli med på turen, og han er spent på veret. Onsdag var det spådd regn.

- Dette blir god marknadsføring av området vårt, sa Mundhjeld.

Hytta er mål for fyrste etappe av Monsen - minutt for minutt i Jotunheimen. Onsdag kveld er det direktesending av Sommeråpent frå Sognefjellshytta. Foto: Arve Danielsen