– Landbruket er i ein kritisk situasjon med ekstrem tørke. Med tanke på det samfunnsansvaret vi som bank har i Nord-Gudbrandsdalen, er det svært viktig for oss å bidra med det vi kan for å kunne oppretthalde mest mogleg normal produksjon i landbruket. Derfor ynskjer vi å hengje oss på den fantastiske dugnaden som nå går for landbruket, heiter det i ei pressemelding frå lokalbanken.

Nils Arne Haugen, banksjef bedrift, fortel til Fjuken at landbruket er ei svært viktig næring for SpareBank1 Lom og Skjåk.

– Vi har om lag 800 millionar kroner i utlån til landbruksnæringa. Landbruket representerer ein tredjedel av volumet av samla utlån til bedriftene våre. Det vi nå kan tilby, er ekstra gunstige lån i høve dei meirkostnadene gardbrukarane får fordi dei må kjøpe inn ekstra fôr.

– ... det ein bank kallar «gunstige lån» kan vera så mangt?

– Her er det prat om null kroner i etablering av lånet - og sterkt rabattert rente. Truleg vil vi koma ned på nesten halve prisen sett ut ifrå «ordinær» rente på slike lån. I tillegg kan vi gjera lånet avdragsfritt i inntil eitt år, svarar Nils Arne Haugen, som oppmodar landbrukskundane til å ta kontakt for ein prat.

– I denne situasjonen er det viktig å stå saman og hjelpe kvarandre så godt det let seg gjera.