Dette skriv konsernadvokat Hans-Are Nyheim i Private Barnehagers Landsforbund til Vågå kommune.

Saka det dreier seg om er arealnorm for kor mange ungar dei to private barnehagane i kommunen kan ta inn. Dette gjeld Tytingen gards- og naturbarnehage og Trudelutten barnehage.

– Dersom barnehagane ynskjer å endre eiga arealnorm, står dei fritt til å gjere dette, skriv konsernadvokaten.

Han skriv vidare at dersom kommunen meiner at barnehagane sin arealnorm ikkje er forsvarleg, må dette gjerast ved befaring, vurdering og vedtak som skal grunngjevast og som kan klagast på til fylkesmannen.

Konsernadvokat Nyheim hevdar at Vågå kommune har trenert saka ved ikkje å svare raskt nok på brev frå Private Barnehagers Landsforbund.

Særleg reagerer advokat Nyheim på at Vågå kommune som barnehagemyndigheit fyrst til hausten vil gjennomføre tilsyn ved barnehagane i denne saka.

– Kommunen si trenering og saksbehandling i denne saka vil kunne få erstatningsrettslege konsekvensar. Det er svært problematisk at kommunens administrasjon har ein arbeidsmetode og ein kultur der saker blir trenert, skriv Nyheim.

Konsernadvokaten ber også fylkesmannen om å følgje opp Vågå kommune slik at barnehagane får svar og kan planleggje og leggje til rette for haustens inntak av born. Dette er viktig for barnehagane og ikkje minst for borna og foreldra deira.

– Saksbehandlingsmetodane til Vågå kommune er under ein kvar kritikk. Fylkesmannen bør vurdere pålegg over for kommunen, skriv Nyheim.

Fungerande rådmann Jan Egil Fossmo tek avstand frå kommunikasjonsforma til konsernadvokaten.

– Vi har god dialog med dei private barnehagane, seier Fossmo.

Han seier han er klar over at barnehagane kan endre arealnormen, men at ein ikkje kan endre denne etter at søknadsfristen for opptak til barnehagane er gått ut.

– Vi er opptekne av å gjere dette riktig, og har varsla ei synfaring til hausten, seier Fossmo.

Rådmannen seier det er ledig kapasitet i barnehagane i kommunen, men at ein ikkje skil mellom private eller kommunale barnehagar ved opptak.