Kva får svenskar og ein amerikanar til å leggje ferieturen sin til Vågå akkurat til datoen 16. juli?

Svaret er Trio Mediæval, ein vokaltrio som har spesialisert seg på middelaldarballader, folkemusikk og samtidsmusikk.

Måndag kveld held dei konsert i den gamle stallen på Gammel-Kleppe for 80 lydhøyre publikummarar.

Det var Mette og Vegar Vårdal i Kultivator/Vågå konsertserie som hadde fått tak i den verdskjende vokaltrioen.

Ein svenske hadde venta i 12 år før han endeleg denne kvelden fekk høyre songarane Anna Maria Frimann, Linn Andrea Fuglseth og Jorunn Lovise Husan.

Da forstår ein kor store vokaltrioen er, og at konserten på Gammel-Kleppe ikkje var kvardagskost.

I løpet av ein time fekk publikum høyre vakre middelalderballader, norske og svenske folkeviser av trioen.

At stemma er eit flott instrument, var vokaltrioen eit bevis på. Tre vakre stemmer tok nesten pusten frå publikum i den varme sommarkvelden.

Trio Mediæval fekk også musikalsk hjelp av Vegar Vårdal på hardingfele i «St. Örjan och draken».

Trio Mediæval feira i 2017 sitt 20-års jubileum og lanserte da ECM-utgjevinga «Rimur» med jazzmusikaren Arve Henriksen – islandsk, svensk og norsk middelalder-, impro og folkemusikk.

Eit stykke frå denne utgjevinga saman med Arve Henriksen vart høgdepunktet på konserten.

Trio Mediæval har gjeve konsertar og opptredd i radio og fjernsyn over heile Europa, USA, Canada, Japan og Sør-Korea. Men konserten på Gammel-Kleppe var fyrste gongen dei song i ein stall. Ei oppleving dei gav uttrykk for at dei sette pris på.